Blog

Nyttig opplysninger

Vilkår for å få drosjeløyve

Taxinor .

Wed, 01 May 2024

Vilkår for å få drosjeløyve

Vilkår for å få drosjeløyve – kva for dokumentasjon skal du levere?

Alle som vil drive persontransport mot vederlag (betaling) utanfor rute, med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve. Det gjeld også dei som tilbyr drosjetenester via digitale plattformer.

Du kan søke om så mange drosjeløyve du vil. Kvart løyve kostar 3700 kroner og kan berre bli brukt i drosjebilar.

Det er fire vilkår for å kunne få drosjeløyve:

  1. fast og varig verksemd i Noreg
  2. god vandel
  3. tilfredsstillande økonomisk evne
  4. fagkompetanse for løyvehavar


1. Du må drive fast og varig verksemd i Noreg

Det betyr at du må ha registrert eit føretak i Einingsregisteret og fått tildelt eit føretaksnummer/organisasjonsnummer før du fyller ut søknaden

Sjå Brønnøysundregistera for meir informasjon.

Registrer føretak på Brønnøysundregisteret sine nettsider

2. Du må ha god vandel

Det betyr at du må ha ein politiattest både for føretaket ditt og for innehavar/dagleg leiar. Dersom føretaket har ein transportleiar, er det transportleiar som treng politiattest. Du må ha politiattestane klare før du fyller ut søknaden, og attestane skal ikkje vere eldre enn tre månader.

Har du enkeltpersonføretak (ENK) skal du ikkje sende inn politiattest for føretaket.

Dersom du er dømt for noko eller har fått førelegg, må du også ha kopi av dommen/førelegget før du fyller ut søknaden. Kontakt den aktuelle domstolen/det aktuelle politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg.

Søk om politiattest for føretaket

Søk om politiattest for innehavar/dagleg leiar eller transportleiar

3. Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne

Det betyr at vi må hente inn attest for skatt og meirverdiavgift («skatteattest») og stadfesting frå Konkursregisteret for føretaket ditt. Desse attestane hentast automatisk viss du gjer oss samtykke til det i søknaden.

Dersom føretaket ditt er nytt, det vil si oppretta for mindre enn tre månader sidan, må vi og ha skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for dagleg leiar.

Frå 1. januar 2023 må du stille garanti for drosjeløyve. Kr. 53 000 for fyrste løyve og kr. 26 000 for dei resterande. Garanti må sendast til fylkeskommunen før du kan få ut løyvedokument.

4. Bestått drosjesjåføreksamen

Det betyr at den som søkjer om drosjeløyve må ha bestått drosjeløyveeksamen hjå Statens vegvesen.

Søkjar om drosjeløyve vil også ha tilfredsstillande fagkompetanse dersom vedkomande:

  • hadde drosjeløyve før 1. november 2020
  • oppfyllar fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
  • har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemålet eller kompetansebevis utferda av offentleg myndigheit i anna EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse

Her finn du meir informasjon om drosjeeksamen hjå Statens vegvesen.

Kva skjer etter at du har søkt?

Når du har sendt inn søknaden, vil fylkeskommunen der føretaket ditt er registrert, gå gjennom søknaden og vedlegga og sjå om du oppfyller vilkåra for å få drosjeløyve. Er vilkåra oppfylt, vil du få tilsendt faktura og eit vedtak så fort dei er ferdige. Løyvedokument blir ikkje sendt før faktura er registrert som betalt i fylkeskommunen sitt økonomisystem.

Krav til løyvehavar

Før du starter med drift på drosjebilen, skal du sende inn kvittering frå Justervesenet som stadfester at taksameter er montert. Du må og sende inn dokumentasjon på at drosjebilen er registert som drosje hos Statens vegvesen. Skjema for innsending finn du her.

Du må sette deg inn i krava som gjeld når du har fått drosjeløyve, og halde deg oppdatert på lover og forskrifter som er naudsynt for å drive ein lovleg verksemd. 

Kilde: https://www.vestlandfylke.no/Kollektivogtransport/loyve-for-persontransport/sok-drosjeloyve//

0 Kommentarer

Skriv din kommentar